onsdag 25. mars 2009

Web 2.0

Over tid har bruken av Internett endra seg. Frå å vere passive brukarar, har fleire av oss etter kvart blitt meir aktive – produsentar av innhald på Internett.

Web 2.0 er ei fellesbetegning på dei nye deltakardrevne, interaktive nettenestene. Ei samling av ulike teknologiar som brukast for å støtte samhandling og kommunikasjon over Internett, av mange kalla sosiale programvarer. Denne teknologien opnar mellom anna for mogleiken til samarbeid, produksjon, kreativitet, bygging av sosiale nettverk og tileigning av informasjon. Aktive deltakarar er vesentleg for vidare utvikling og vekst av desse programma.

Typiske eksempel på slik programvare er Blogg, Wiki, Facebook, Nettby, Twitter, You Tube og Flickr. Felles for dei alle er at innhaldet er styrt av brukarane, og at innhaldet blir dela med andre.

Facebook og Nettby er eksempel på sosiale nettsamfunn der medlemmane blir organiserte med brukarnamn og passord. Ein må vere medlem - ha ein eigen profil - for å ha innsyn. Desse samfunna blir for det meste bruka for å halde kontakt med familie og vener, og er ofte eit verkty for å formidle kvardagslege tankar og hendingar.

Ein wiki er open for alle, og brukarane er likestilte eigarar. Eit godt døme her er Wikipedia. Dette er eit webbasert leksikon der innhaldet er bygt opp på dugnad.

Ein blogg derimot er som oftast eigd, formidla og kontrollera av ein enkeltperson. Andre kan kommentere innhaldet på sida. Antal personlege bloggar aukar kraftig. Det er enkelt å opprette ein blogg, og blir av mange bruka som verdifulle kjelder til informasjon og idemyldring. Sjølv syns eg det har vore spanande å bevege meg inn i denne verda.

Dei fleste skulane har i dag ei læringsplattform, LMS - eit system som tilbyr funksjonar for kommunikasjon, samarbeid og publiserering. Systemet krev brukarnamn og passord for å få tilgang, og brukaren har ofte berre tilgang til enkelte rom. Plattforma er nyttig og trygg når oppgåver og tilbakemeldingar skal vere mellom elev og lærar, eller mellom elevane i klassa. Som foreldre får ein her berre tilgang til foreldrerom, og innsynet avgrensar seg til lesing av planar og anna informasjon.

Eg tenkjer at både wiki og blogg kan vere gode supplement til bruk i undervisning- og skulesamanheng. Begge vil vere nyttige verkty for å setje i gang skriveprosessar hjå elevane. Kunnskap blir dela med andre på ein ny og spanande måte. Mange som brukar blogg erfarer at kommentarar er vel så viktige som sjølve innlegget. Det set tankar i sving, og kan difor vere ein viktig veg i læringsprosessen. Det sosiokulturelle læringssynet blir her sentralt, der grunntanken er at eleven lærer best i samhandling med andre.

Læraren kan ha sin eigen blogg der t.d. planar og oppgåver blir lagt ut. Elevane kan blogge over gitte tema - eller rett og slett bruke bloggen for å skrive. Det kan vere skrivestafettar mellom elevar i ei klasse, eller kan hende på tvers av skular. Prosessorientera skriving kan skje på ein enkel måte med dette verktyet. Ein klasseblogg kan vere eit alternativ dersom bloggen ikkje skal vere så personleg. Der kan klassa i fellesskap legge ut stoff om eit bestemt tema dei jobbar med. Her er eksempel på ein klasseblogg laga i samband med ein klassetur.

Kvalitet ,tryggleik og nettvett er viktige stikkord i denne samanheng. Det er viktig at elevane blir bevisste på kva som er akseptabel framferd i det offentlege rom. Det at stoffet ligg opent for alle, gjer at eigaren bør vere kritisk til kvaliteten på eiga skriving. Det er viktig at læraren tenkjer nøye gjennom kva, og korleis elevane skal bruke dette i skulesamanheng.

Mange av elevane er godt kjende med å bruke dei såkalla sosiale programvarene. Eg trur det er viktig å møte elevane på deira eigne arenaer. Kan hende vil dette vere med på å motivere elevane på ein ny måte i skulekvardagen.

Undervegsvurdering...

Gruppearbeid i ped. om undervegsvurdering og digitale verktøy er akkurat avslutta. Eit svært interessant tema, og ikkje minst enormt utfordrande! Undersøkingar syner at måten læraren vurderar på har mykje å seia for læringsutbyttet til elevane. Undervegsvurderinga skal vere kontinuerleg og av ein slik art at eleven forstår kva for mål dei skal arbeide mot, og kva som blir forventa av dei. Tilbakemeldingane skal vere konstruktive og veiledande – vurdering både av og for læring. Elevane skal involverast i sitt eige læringsarbeid, både i arbeidet med å utforme mål og med å vurdere eige arbeid.

I oppgåva har me fokusert på fordelar ved bruk av digitale mapper i undervegsvurderinga – der tanken mellom anna er at skriftleggjering av mål og vurderingar gjer at både elev og lærar forpliktar seg overfor både seg sjølv og kvarandre. Progresjonen i læringa blir også lett synleg ved at ein kan fylgje utviklinga i mappa frå fyrste utkast til andre, og kanskje tredje utkast. På same måte er det lett for medelevar å gå inn i kvarandre sine mapper for å gje kvarandre respons. Gode tankar og teoriar rundt dette har kome fram i oppgåva vår – men klarer me å leve opp til dette i skulekvardagen? Det gjenstår å sjå…

onsdag 18. mars 2009

Ein vellykka aktivitetskveld...

Vel heime etter ein trivleg og vellykka aktivitetskveld på skulen! Litt sliten, men fornøgd og glad:-)

I kveld har både elevar og lærarar vore engasjerte i spel, turneringar og god mat. Aktivitetar og inndeling av lag har foregått på tvers av klassetrinn. Små og store har spela på lag. Konkurranseinstinkt har blitt utfordra - ofte med ein hårfin balanse mellom leik og alvor;) Likevel var det leiken og det å ha det hyggeleg saman som seira i kveld!

Det slår meg kor viktig det er å møte elevane i litt andre settingar enn den vante klasseromsituasjonen. Sjå korleis dei evnar å innrette seg, sjå kvarandre og hjelpe kvarandre. Faktisk ser ein sider ved elevane som ofte ikkje visast i klasserommet - både på godt og vondt!
I kveld vil eg påstå at det var dei gode sidene som dominera:o)

søndag 15. mars 2009

Så var eg i gang...

Etter mykje om og men er eg endeleg i gang med bloggen min! Har hatt store tankar om dette lenge, men... Det er noko med den tida - den strekk ikkje alltid til:/

Ei travel veke står på hell, helga er snart over og freden har senka seg i huset - bare ho mor som ennå er oppe. Eldstejenta har hatt med seg klasseveninner heim i helga. Åtte flotte sjukepleiestudentar har fylt huset med latter og glede - ein herleg gjeng! Både Raulandsfjell og Kroa i Bø har blitt besøkt, så det var slitne, men fornøgde jenter som sette kursen mot Oslo-gryta i kveld!

Ute har det vore reine påskestemninga i dag - blå himmel, sol og sno! Skulle ynskje slike dagar kunne stå litt stille! Men slik er det nå ein gong ikkje. Det er bare å konstatere at ei fin og hektisk veke er over. Ein spanande morgondag ventar - eg er klar til å ta fatt!