torsdag 11. februar 2010

Hei alle saman...



Denne gongen er det ei stolt bestemor som skriv innlegg på bloggen! Faktisk har eg vore det i tre månader allereie :-) Det er derfor på høg tid med ein aldri så liten presentasjon...
Helene heiter det vesle vidunderet - ei nydeleg jente som kom til oss ein flott haustdag i november! Namnet har ho fått etter begge bestemødrane sine! - gjett om me er stolte!! :-)
Smiler og ler - er til glede for oss alle saman!
Kan ein ynskje seg noko meir...

søndag 11. oktober 2009

Haust allereie...

Tida går så alt for fort - lenge sidan eg har vore inne på bloggen og kikka. Ute er det haust- ja, vinteren har faktisk vore på ein snarvisitt allereie. Heldigvis reiste den igjen, men kan nok kome tilbake kva tid som helst...

Haustferien syng på seiste verset. Tur til Budapest har vore ei flott oppleving - godt å ha med seg inn i vintermørkret!

Både skule og studiar er godt i gang. Dette året er det faga Matte 3 og Nynorsk i opplæringa som skal studerast! Mykje å gjera, men interessant òg ;-)

søndag 7. juni 2009

Travle tider...

At våren er ei travel tid er vel ikkje noko nytt. Likevel vil eg vel påstå at denne våren har vore i travlaste laget for min del! Det har kan hende å gjera med at ein skal prestere på så mange arenaer - i heimen; med konfirmasjon og diverse dagleg syslar, på arbeidsplassen og ikkje minst som student!

Siste innspurt dette studieåret nærmar seg med stormskritt! To dagars praktisk eksamen i Ikt blir ei ny og spennande oppleving - muntleg i slutten av veka blir også spennande, men denne eksamensforma har me nå fått prøva så mange gonger desse studieåra!

Så er det berre å håpe at me klarer å vise kva me er gode for -
Lykke til, alle saman:o)

søndag 5. april 2009

Påskeferie...




Arbeid og studiar er sett vekk - godt å ta pause frå travle kvardagar!
Dei to fyrste feriedagane er allereie unnagjort - og for nokre dagar det har vore! Lange, fine skiturar med familien i strålande solskin - kan det bli betre! Pylsegrilling, solkrem og kvikklunsj - ingrediensar som bare må vere med! Håpar me får mange slike dagar denne påska, sjølv om værmeldingane er av ei litt anna formeining. Ein får bare håpe...
God påske til alle!

onsdag 25. mars 2009

Web 2.0

Over tid har bruken av Internett endra seg. Frå å vere passive brukarar, har fleire av oss etter kvart blitt meir aktive – produsentar av innhald på Internett.

Web 2.0 er ei fellesbetegning på dei nye deltakardrevne, interaktive nettenestene. Ei samling av ulike teknologiar som brukast for å støtte samhandling og kommunikasjon over Internett, av mange kalla sosiale programvarer. Denne teknologien opnar mellom anna for mogleiken til samarbeid, produksjon, kreativitet, bygging av sosiale nettverk og tileigning av informasjon. Aktive deltakarar er vesentleg for vidare utvikling og vekst av desse programma.

Typiske eksempel på slik programvare er Blogg, Wiki, Facebook, Nettby, Twitter, You Tube og Flickr. Felles for dei alle er at innhaldet er styrt av brukarane, og at innhaldet blir dela med andre.

Facebook og Nettby er eksempel på sosiale nettsamfunn der medlemmane blir organiserte med brukarnamn og passord. Ein må vere medlem - ha ein eigen profil - for å ha innsyn. Desse samfunna blir for det meste bruka for å halde kontakt med familie og vener, og er ofte eit verkty for å formidle kvardagslege tankar og hendingar.

Ein wiki er open for alle, og brukarane er likestilte eigarar. Eit godt døme her er Wikipedia. Dette er eit webbasert leksikon der innhaldet er bygt opp på dugnad.

Ein blogg derimot er som oftast eigd, formidla og kontrollera av ein enkeltperson. Andre kan kommentere innhaldet på sida. Antal personlege bloggar aukar kraftig. Det er enkelt å opprette ein blogg, og blir av mange bruka som verdifulle kjelder til informasjon og idemyldring. Sjølv syns eg det har vore spanande å bevege meg inn i denne verda.

Dei fleste skulane har i dag ei læringsplattform, LMS - eit system som tilbyr funksjonar for kommunikasjon, samarbeid og publiserering. Systemet krev brukarnamn og passord for å få tilgang, og brukaren har ofte berre tilgang til enkelte rom. Plattforma er nyttig og trygg når oppgåver og tilbakemeldingar skal vere mellom elev og lærar, eller mellom elevane i klassa. Som foreldre får ein her berre tilgang til foreldrerom, og innsynet avgrensar seg til lesing av planar og anna informasjon.

Eg tenkjer at både wiki og blogg kan vere gode supplement til bruk i undervisning- og skulesamanheng. Begge vil vere nyttige verkty for å setje i gang skriveprosessar hjå elevane. Kunnskap blir dela med andre på ein ny og spanande måte. Mange som brukar blogg erfarer at kommentarar er vel så viktige som sjølve innlegget. Det set tankar i sving, og kan difor vere ein viktig veg i læringsprosessen. Det sosiokulturelle læringssynet blir her sentralt, der grunntanken er at eleven lærer best i samhandling med andre.

Læraren kan ha sin eigen blogg der t.d. planar og oppgåver blir lagt ut. Elevane kan blogge over gitte tema - eller rett og slett bruke bloggen for å skrive. Det kan vere skrivestafettar mellom elevar i ei klasse, eller kan hende på tvers av skular. Prosessorientera skriving kan skje på ein enkel måte med dette verktyet. Ein klasseblogg kan vere eit alternativ dersom bloggen ikkje skal vere så personleg. Der kan klassa i fellesskap legge ut stoff om eit bestemt tema dei jobbar med. Her er eksempel på ein klasseblogg laga i samband med ein klassetur.

Kvalitet ,tryggleik og nettvett er viktige stikkord i denne samanheng. Det er viktig at elevane blir bevisste på kva som er akseptabel framferd i det offentlege rom. Det at stoffet ligg opent for alle, gjer at eigaren bør vere kritisk til kvaliteten på eiga skriving. Det er viktig at læraren tenkjer nøye gjennom kva, og korleis elevane skal bruke dette i skulesamanheng.

Mange av elevane er godt kjende med å bruke dei såkalla sosiale programvarene. Eg trur det er viktig å møte elevane på deira eigne arenaer. Kan hende vil dette vere med på å motivere elevane på ein ny måte i skulekvardagen.

Undervegsvurdering...

Gruppearbeid i ped. om undervegsvurdering og digitale verktøy er akkurat avslutta. Eit svært interessant tema, og ikkje minst enormt utfordrande! Undersøkingar syner at måten læraren vurderar på har mykje å seia for læringsutbyttet til elevane. Undervegsvurderinga skal vere kontinuerleg og av ein slik art at eleven forstår kva for mål dei skal arbeide mot, og kva som blir forventa av dei. Tilbakemeldingane skal vere konstruktive og veiledande – vurdering både av og for læring. Elevane skal involverast i sitt eige læringsarbeid, både i arbeidet med å utforme mål og med å vurdere eige arbeid.

I oppgåva har me fokusert på fordelar ved bruk av digitale mapper i undervegsvurderinga – der tanken mellom anna er at skriftleggjering av mål og vurderingar gjer at både elev og lærar forpliktar seg overfor både seg sjølv og kvarandre. Progresjonen i læringa blir også lett synleg ved at ein kan fylgje utviklinga i mappa frå fyrste utkast til andre, og kanskje tredje utkast. På same måte er det lett for medelevar å gå inn i kvarandre sine mapper for å gje kvarandre respons. Gode tankar og teoriar rundt dette har kome fram i oppgåva vår – men klarer me å leve opp til dette i skulekvardagen? Det gjenstår å sjå…

onsdag 18. mars 2009

Ein vellykka aktivitetskveld...

Vel heime etter ein trivleg og vellykka aktivitetskveld på skulen! Litt sliten, men fornøgd og glad:-)

I kveld har både elevar og lærarar vore engasjerte i spel, turneringar og god mat. Aktivitetar og inndeling av lag har foregått på tvers av klassetrinn. Små og store har spela på lag. Konkurranseinstinkt har blitt utfordra - ofte med ein hårfin balanse mellom leik og alvor;) Likevel var det leiken og det å ha det hyggeleg saman som seira i kveld!

Det slår meg kor viktig det er å møte elevane i litt andre settingar enn den vante klasseromsituasjonen. Sjå korleis dei evnar å innrette seg, sjå kvarandre og hjelpe kvarandre. Faktisk ser ein sider ved elevane som ofte ikkje visast i klasserommet - både på godt og vondt!
I kveld vil eg påstå at det var dei gode sidene som dominera:o)